Korset viser veg: Pilegrimsferder til Trondheim - Nordens Jerusalem

3. Korsvegane

Øystein Ekroll

Klikk for stor versjon av bildet
Den nordlegaste kjente Olavskjelda ligg i Sennesund på Helgeland, på den gamle grensa mellom Trøndelag og Nord-Norge.
3. Korsvegane
Men å trenge ut i den ville naturen var ei farleg sak. Utanfor dei små flekkane med folkebusetting var både Norge og andre land ei stor villmark, gjerne fylt med tett skog, der det var fullt av farer, både ville dyr, fredlause menneske og alle slags andre skapningar som var like verkelege for folk, som drakar, basiliskar, tussar, troll og andre vette som ingen tvilte på eksistensen av. Langs kysten var det også mengder av farer, frå alle slags udyr i sjøen til forræderiske vindar, klippar og skjer, som kunne føre til forlis og død. Ingen reiste om natta, korkje på land eller sjø, men måtte finne ein trygg stad for natta.

Dei heilage stadane, som var verna av kloster, kyrkjer og helgenrelikviar, låg som små øyar i eit uendeleg hav av skog, utmark og hav der det krydde av både synlege og usynlege farer, og menneska kunne vere like farlege som dyr. Vi må også tenke oss eit landskap utan fugleperspektiv og kart, der den livsviktige, trygge vegen var berre ein tynn, tynn tråd, bokstavleg tala den smale sti.

Dersom vi tek oss tid til å leite etter spor, vil vi gradvis finne ei mengde spor etter eit kommunikasjonsnettverk som er langt større og vidare enn det som i dag er den offisielle Pilegrimsleia. Eg synes at dette nettverket like gjerne kunne heite Olavsvegen eller Korsvegen, for å bruke dei to mest karakteristiske trekka. Vi kan sjå vegen til St. Olav som ein parallell til Jakobsvegen gjennom Frankrike og Nord–Spania til Santiago de Compostella.

I samband med sjøvegen har eg alt nemnt korsnamn, som Korsnes og Korshamn. Disse namna finn vi også svært mange av i innlandet, gjerne knytta til stader der elvar skulle kryssast, og der vegar delte eller samla seg. Kileskilt og kilekors finnes. Den sørlege vegen frå Götaland og Vermland kom i Norge over Eidskogen, og her sto Olavskrossen med ei Olavskjelde ved sidan av, i tillegg til sælehus og kyrkje. På Elverum har vi Korsbakken ved den gamle fergestaden over Glåma, og to kyrkjer tett attmed. Her møttest fleire vegar sørfrå og austfrå, og i Trysil har vi namn som Munkesjøen, Munksjåberget, Munkbettsetra, Pilgrimsstad og Pilgrimsåsen. Herifrå gikk vegen oppover Østerdalen til Åmot der vi har Pilegrimsskjæret, til kaupangen på Koppang, til Åkre i Rendalen der vi har Pilgrimssteinen som markerer halvvegs mellom Oslo og Nidaros.

Etter mitt syn viser svært mange, kanskje alle, av dei gamle korsnamna at det var reist kors her i mellomalderen. Dei aller fleste var av tre, og måtte fornyast med jamne mellomrom. Nokre stader har vi ein kontinuerleg tradisjon heilt opp til 17–1800–talet, eller like til vår tid, som på Stiklestad, der det vart seinare vart reist varige steinstøtter. Dessverre er det gjort lite systematisk forsking på disse tradisjonane, men det finst eit rikt lokalt tradisjonsmateriale.
Langs vegane har vi også eit ukjent tal med Olavskjelder som gir godt drikkevatn, men forskingssituasjonen er dessverre nokså lik korstradisjonen.

Klikk for stor versjon av bildet
Gravstein frå klosteret i Sorø som kanskje er lagt over ein av Margrete sine vikar-pilegrimar. Det er Jonas, abbedens tjenar, som ifølge innskrifta var to gonger i Jerusalem, tre gonger i Roma og ein gong i Santiago.
Det er ikkje laga ei full oversikt over Olavskjeldene sidan biskop Bang sin artikkel i 1885, og han kjente berre 20–30 kjelder. Det verkelege talet ligg sannsynlegvis minst ti gongar høgare. Olavskjeldene ligg så godt som alltid direkte i tilknytting til vegane, og var nytta som rastestader til langt ut på 1800–talet Det var nytta treskilt, såkalla kileskilt. Vi har dei i Sverige og Sør–Norge, og den nordlegaste kjente ligg i Sennesund på Helgeland, på den gamle grensa mellom Trøndelag og Nord–Norge.

Sambandet mellom Olav og vatn kan truleg sporast tilbake til kjelda som sprang fram ved grava hans, seinare med Olavsbrønnen inne i Nidarosdomen, men mange av kjeldene kan vere langt eldre og blitt knytta til Olav i kristen tid. Bortsett frå den reine nytta av ei kjelde med godt vatn, må vi sjå både kjeldene og korsa som ein del av eit større prosjekt der vegane skulle sikrast gjennom å skape eit mentalt, kristent landskap, som både skulle vise folk den rette og trygge vegen, og samtidig gjere vegen trygg. Vi må også huske selehusa, som viser seg i mange stadnamn, beitemarkene for hestane, båtane ved elvar og sjøar, bruer over bekkar, kavlebruer over blautemyrer. Dette har vore eit system som etter mitt syn var langt tettare bygd opp enn vi tenker oss i dag, då vi tenker tilbake til 17–1800–talet då kommunikasjonssystemet vart langt dårlegare.

Eit slikt system eller infrastruktur er ikkje noko som skaper seg sjølv. Etter mitt syn er det bevisst skapt av kongemakt og kyrkjemakt i samarbeid, og pilegrimane sto under vern av begge. Vi har høyrt korleis kongane fleire gonger greip inn for å verne pilegrimane. og for erkebiskopane var også valfarten til Nidaros svært viktig. Dei brukte gjerne gulrot, i form av syndsforlating som skal oppmuntre folk til å legge ut på reise. Fleire gongar gir pavane avlat, som då Nikolaus V i 1292 lovar angrande syndarar som reiser til Nidaros 1 år og 40 dagar i avlat. Etter at Nidarosdomen brann i 1328 vart det på nytt lova forlating for synder ved å reise til Nidaros, utan tvil med baktanken å skaffe midlar til gjenoppbygging etter brannen. Det same skjedde fleire goner seinare utover på 1300– og 1400–talet.

Klikk for stor versjon av bildet
Ein sannsynleg pilegrimsgravstein finnast i Trondheim, ein stein lagt over ein riddar som i våpenskjoldet sitt ber eit lokkbeger og ei palmegrein, eit symbol på at han hadde vore i Jerusalem.
Vi veit også at kongefamiliane fleire gonger reist på pilgrimsferd i Nidaros, som Magnus Eriksson i 1350, i kjølvatnet av Svartedauden sine herjingar. Den seinare helgenen Birgitta av Vadstena var her i 1340, og dei som ikkje hadde tid eller lyst, kunne leige ein pilegrim til å reise for seg. Dronning Margrete den første gjorde det verkeleg kongeleg: I 1411 gav ho ein enorm sum pengar til klostra i Sorø og Esrum for å sende ut pilegrimar til heile 44 valfartsstader over heile den kristne verda, frå Jerusalem og Betlehem i aust, Santiago i vest, Roma og til St. Olav i nord.

Mange av disse var nok profesjonelle pilegrimar, for kjenner ein del personar som hadde reist så mange stader at dei måtte ha reist store delar av livet. Vi har til dømes ein gravstein frå klosteret i Sorø som kanskje er lagt over ein av Margrete sine vikar–pilegrimar. Det er Jonas, abbedens tjenar, som ifølge innskrifta var to gonger i Jerusalem, tre gonger i Roma og ein gong i Santiago. Jonas er avbilda som pilegrim med stav og taske. Skjellet viser nok til reisa til Santiago, medan dei to palmegreinene truleg symboliserer dei to reisene til Jerusalem.

Ein sannsynleg pilegrimsgravstein har vi også her i Trondheim, ein stein lagt over ein riddar som i våpenskjoldet sitt ber eit lokkbeger og ei palmegrein, eit symbol på at han hadde vore i Jerusalem.

Korset viser veg: Pilegrimsferder til Trondheim – Nordens Jerusalem
3. Korsvegane
Neste:

Nettstedet pilegrim.info utvikles av Nasjonalt Pilegrimssenter. E–post: post@pilegrim.info  Nettløsninger ved Intellicom.no