Frå toppen av Steinberget fekk pilegrimsfølget eit nærare overblikk over byen. Forbi det smale Nidareidet, der erkebiskopen hadde bygd ein forsvarsverk av jordvollar, låg åkrane på Kalvskinnet. Lengst mot aust på Nidarneset, i ei stripe langs elva, låg den vesle byen, og over dei lave tømmerhusa reiste det seg ei 8–10 steinkyrkjer, frå Margaretakyrkja nede ved Brattøra til domkyrkja på det høgaste punktet lengst mot sør. Men pilegrimane ville også sett eit kloster på Nidarholmen nord for byen, eit kloster på Bakke aust for byen og eit kloster på Helgeseter sør for byen. Saman med borga Sion, som dei hadde i ryggen, utgjorde desse klostera eit åndeleg forsvarsverk for Nidaros, plassert i landskapet slik at dei danna ei korsform orientert etter dei fire himmelretningane.
Slike åndelege forsvarsverk kjenner vi også frå andre land. Vi kan definerte dei med begrepet "kyrkjelandskap". I engelske byar kan vi finne kyrkjer som er plasserte i korsform, og ved store franske kloster kan vi finne kyrkjer og kapell som er plasserte slik at dei og ikkje minst deira dedikasjonehelgenar dannar eit landskap i den kristne kosmologien, som vart brukt ved rituelle vandringar eller prosesjonar. Ved italienske byar kan vi finne at dei også var verna av usynlege murar utanfor dei synlege bymurane, i form av helgenar som var gravlagde nær bymurane. I det helgenfattige nord finn vi ikkje heile helgengraver, men altså kloster med relikviar, munkar og nonner som danna ein "bønnering" rundt byen, i tillegg til dei fysiske forsvarsverka mot vest.
Dei som kom sjøvegen til Trondheim vart møtt først av Laurentiusklostret på Munkholmen, og deretter av det store korset som sto ytterst på Brattøra, ved innløpet til hamna i nedre del av Nidelva, klare symbol på at dei kom til eit kristent sentrum, og på det høgaste punktet i byen trona erkebiskopens katedral, synleg på land avstand.
Ved ankomsten til sjølve byen måtte dei reisande finne eit herberge for den tida dei skulle bli her, som kunne vere fleire veker. Ein del, i alle fall dei som var sjuke eller handicappa, fekk nok plass i Mariahospitalet som låg ein stad nær ved Domkyrkja, og som er omtalt omkring 1180.
Det er sterkt omdiskutert kor mange pilegrimar og andre reisande som eigentleg kom til Nidaros i løpet av ein sommar. Realistisk sett, på bakgrunn av kor mange som kunne reise hit på skip og til fots, og som skulle ha tak over hovudet og mat og drikke, kan vi tenke oss at byen sitt folketak vart dobla, altså at det kom 2–3000 menneske hit både frå nær og fjern. For samtida måtte likevel ei dobling av folketalet oppfattast som ei enorm folkesamling, og skape trengsel over alt i den vesle byen.
Målet og midtpunktet for alle pilegrimar var Nidarosdomen med
Oktogonen, som sto over høgaltaret med
St. Olavs skrin. Oktogon betyr åttekant, se avbildninga av planen, og etter tradisjonen står høgaltaret enno i dag på den staden der Olav låg gravlagt i eitt år og fem dagar. Her finn vi også parallellar til Gravkyrkja i Jerusalem, ved at Jesu gravkammer var innbygd i ein liten, sannsynlegvis åttekanta bygning som var midtpunktet i ein stor rotunde med utstikkande små kapell til tre kantar.
Oktogonen her i Trondheim er planlagt av erkebiskop Øystein, som var godt orientert i både historie og samtid, og det kan vere liten tvil om at siktemålet var å skape ein imitasjon av Kristi Gravkyrkje i Jerusalem, kanskje saman med europeiske etterlikningar av denne.
Inne i katedralen kunne pilegrimane gå heilt fram til sjølve
Olavskrinet, målet for reise, og be, vake og følgje dei mange messene og tidebønene.