Ved Gravkyrkja, nokre hundre meter unna, låg det eit stort hospital der pilegrimane kunne få husrom, kvile og mat. Hospitalet var vigsla til Døyparen Johannes, og her oppsto Johanittarordenen, ein militær munkeorden som skulle verge pilegrimane på vegen til og frå dei heilage stadane. Denne ordenen fekk også alt på 1100–talet eit kloster med hospital i Værne i Østfold, særleg innretta for å ta imot kongens hirdmenn.
Etter Jerusalem var det viktigaste valfartsmålet i tidleg mellomalder apostelgravene i Europa og målet for mange pilegrimar: Konstantin den store bygde også store basilikale kyrkjer over gravene til Peter og Paulus i Roma, som vart hovudsetet for den vestlege kristendomen. Rett nord for Roma, der skandinavane fekk det første synet av byen, finn vi også ein gledesbakke, Monte Gaudii, som den islandske abbeden Nikolas Bergsson i si reisehandbok frå 1150–åra kallar Feginsbrekka, som er norrønt for gledesbakken.
Nokre hundre år seinare vart også grava til apostelen Jakob (Santiago) oppdaga i Galicia i nordvest–Spania. Utanfor Santiago har vi også ein gledesbakke, som her heiter Monte del Goso. På det europeiske kontinentet vart desse tre gravene dei viktigaste pilgrimsmåla gjennom heile mellomalderen.
Etter kvart som kristendommen gradvis spreidde seg utover Europa frå 5–600–talet, til vi kan seie at heile det vestlege Europa var kristent omkring år 1100, vart det skapt ei mengde martyrar og helgenar som vart drept fordi dei var kristne. (KØLNKRYPT) Dessutan vart det tilført ei mengde relikviar frå dei gamle kristne kjerneområda rundt Middelhavet. På 1000–1100–talet vart det henta⁄røva ei rekkje viktige relikviar, som St. Nikolas som kom til Bari i Italia, Dei heilage tre kongane kom til Køln, og etter plyndringa av Konstantinopel i 1204 kom ei mengde viktige relikviar til Vest–Europa, særleg dei bysantinske keisarane si samling av Kristus–relikviar som kom til den franske kongen i Paris, og to bitar av denne kom også til Norge, først til Bergen i 1274 og til Oslo i 1304.
Det var utan tvil viktig for etableringa av den nye religionen å vise til at den hadde røter lokalt og regionalt, og ikkje berre var eit importert system utan heimleg grunnlag. Vi ser derfor eit bevisst arbeid i dei fleste land og kyrkjeprovinsar for å trekkje fram eigne kandidatar til helgenstatus og dokumentere mirakel og underverk som har skjedd i samband med dei.
Det var også utan tvil eit sterkt ønskje blant lekfolk om å ha noko konkret å sjå på eller be til, ikkje berre ei teoretisk tru. Vi veit at den gamle religionen i stor grad var ein naturreligion, med mange heilage stader i naturen, og i tillegg ein fedrekult med venerasjon av gravhaugar der fedrene låg gravlagde. Vi kjenner lite til dette, men det er mengder av gamle gudenamn i stadnamna våre, noko som peikar på ein utbreidd folkeleg kult i det daglege.
Vi ser derfor også at det er blitt gjort eit bevisst arbeid for å erstatte den gamle religionen og religiøsiteten med ein ny, ikkje berre i kyrkjene, men også gjennom den folkelege religiøsiteten og ved å prøve å gjere landskapet også kristent. Dette har ikkje berre eit teologisk formål, men gjeld korleis heile verda vart oppfatta – eit kosmologisk syn om vi vil bruke slike uttrykk.
Ingen var i tvil om at verda var ein utrygg og farleg stad, fylt opp av vonde makter som var farlege for folk og fe. Det var framfor alt i den ville naturen og i mørket at slike makter treivst. Det fanst både utburd, nøkk, draug, troll, tusser og vetter som var namn som menneska hadde sett på ein del av dei farlege og vonde maktene som levde i den ville naturen utanfor dei små, trygge øyane av kultur der menneska budde. Dei heilage stadane som Roma, Jerusalem, Santiago, Nidaros og mange andre, var forbundne med eit spinkelt nettverk av vegar gjennom område med farlege folk og natur. Utanfor det kjente og heimlege området – mikrokosmos – var den store vide verda – makrokosmos – ein ukjent og farleg stad, og kart var nesten ukjende.
Kampen mellom dei gode og dei vonde kreftene er grunnlaget i den folkelege religiøsiteten, og vi ser det i beste velgåande i dag representert ved Harry Potter og Tolkiens Ringdrotten. Det gode er i utgangspunktet svakt, men kan vinne fram ved hjelp av viljen og trua og ved å nekte å bøye seg for dei vonde og negative kreftene.
Det var derfor om å gjere å verne seg mot det vonde. I kristendommen er der framfor alt korsteiknet som er symbolet for vern mot det vonde. Frå folketrua er det vel kjent korleis det vart malt kors over dører for å verne folk og fe mot onde makter. Reint personleg var det også viktig for kristne å slå korsteiknet for å verne seg personleg. Men vi finn også ei mengde lokale Olavstradisjonar i form av sagn og legender som enno lever på folkemunne. Olav er den einaste helgenen som har sett spor etter seg i det norske landskapet. Han representerer den einaste positive motkrafta i eit landskap som ellers er dominert av det farlege og truande. Dessverre er det dei siste par generasjonane gjort lite systematisk arbeid med denne rike folkloristiske tradisjonen, som bør bli eit forskingsfelt framover.
Korset viser veg: Pilegrimsferder til Trondheim – Nordens Jerusalem
1. Kva er en pilegrim og kva gjorde dei?
Neste: